– Vi arbeider med å få på plass tiltak som kan styrke næringslivet i Sykkylven, og få til nyetableringar.

Det seier ordførar Petter Lyshol (H). Denne veka kom meldinga om at Lade Bygg AS i Sykkylven er konkurs, og 34 personar mistar jobben sin.Dette er berre ein av fleire større konkursar den siste tida.

– Det er svært beklageleg at vi ikkje fekk staten med på å redusere arbeidsgjevaravgifta i Sykkylven. No håpar vi staten i staden kan gje bedriftene i kommunen vår transportstøtte og investeringsstøtte, seier Lyshol.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Han synest det er trist med alle konkursane, og alle dei som blir råka av at bedrifter går over ende.

– Difor er det synd om vi ikkje skal kome i betraktning ved etablering av eit nytt fengsel. Vi treng nye arbeidsplassar.

Følg smp.no på Facebook