Så pass i vinden politisk som Arbeidarpartiet er no om dagen, med over 40 prosent på meiningsmålingane, var det truleg nok for partileiar Støre å vise seg fram på talarstolen for å skape jubel i forsamlinga. Målingar viser at over 12 prosent av Frp-veljarane frå 2011 no seier dei vil stemme på Ap. SV er i ferd med å tømest for veljarar, og kan risikere å bli ein raritet i norske kommunestyre om partiet ikkje greier å snu trenden. Arbeidarpartiet har mykje å juble for, men fram til no har Jonas Gahr Støre ikkje gjort så mykje anna enn å framstå som tillitvekkjande.

Når han skal snakke om fornying og modernisering, slit han med at det har gått for kort tid sidan Ap sat med makta i åtte år, og mykje av dei skavankane i samfunnet han med rette kritiserer, er slikt som hans eiga regjering ikkje greidde å gjere noko med. Derfor la han då også i talen sin størst vekt på å kritisere planane og programmet til Solberg-regjeringa, men mykje av det har ikkje veljarane merka noko av enno. Det er ei slags «føre var-varsling» Støre kjem med. Dokumentasjonen manglar.

Den første landsmøtetalen hans som partileiar var god, gjennomtenkt og velformulert, men så mykje nytt var det neppe i talen. Det meste har vore signalisert før. Eitt unntak var varslinga av at Ap går inn for at Norge skal ta imot 10.000 syriske flyktningar, 5.000 i år og 5.000 neste år. Venstre og kanskje også KrF vil støtte eit slikt framlegg, og dermed er det fleirtal for det. Spørsmålet er om mottaksapparatet vil greie å ta imot så mange, og ikkje minst, vil kommunane greie å ta imot dei, eller blir dei verande på sentrale mottak inntil krigen i Syria er ferdig?

I år er ambisjonen å kommuneutplassere 10.000 flyktningar. Hittil har kommunane sagt ja til 8.000. Vil dei greie 5.000 til? Staten må i tilfelle auke løyvingane kraftig både til bygging av husvære og til økonomisk hjelp til kommunane. Det er vel også eit spørsmål om kva effekt dette vil ha på lokalvalkampen med eit Frp i beit for veljarar? Uansett er det eit faktum at krisa i Syria er den største utfordringa vi står overfor, og Norge må yte mykje meir, ikkje minst for å hjelpe i og rundt Syria.

Klima var eit anna hovudtema i Støre sin tale. Han tok til orde for å auke fondet for klimateknologi til 100 milliardar kroner i 2017. Det har vi råd til, men då må teknologiutviklinga når det gjeld å reinse CO2, bli meir effektiv enn det vi hittil har sett. Han vil satse sterkt på kollektivtransport i dei større byane, men i ein by som Ålesund må ikkje det erstatte ein bypakke som gir ei skikkeleg innfarts- og gjennomfartsåre i byen. Støre snakka ikkje ned olje- og gassektoren. Tvert om så såg han ei framtid for denne viktige næringa, også i nord, og greier ein å redusere CO2-utsleppa eller aller helst å fjerne dei, vil næringa kunne ha ei langsiktig framtid.

Klima brukar ikkje å vere noko stort tema i ein lokalvalkamp. Der blir det helse, velferd og samferdsel som kjem til å dominere. Arbeidarpartiet ligg på målingane an til å vinne lokalvalet, og det kan bli maktskifte i mange av dei større byane, kanskje også i Ålesund.