Riksantikvaren har fordelt vel 60 millionar kroner til fartøyvern. Pengane går til istandsetjing av verneverdige fartøy over heile landet.

Båtar i Møre og Romsdal får likevel berre 200.000 frå potten i år.

«Eitrheim» får 65.000 kroner, «Bilfergen» 40.000, «Hindholmen» 50.000 og «Tafjord» 45.000 kroner.

Seks tiltak i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane er det delt ut nær 6,3 millionar kroner fordelt på seks tiltak.

Mest får «Stangfjord» med 1, 8 millionar kroner i støtte. Det er i dag om lag 240 fartøy på Riksantikvarens verneliste. Av desse er 14 freda.

– Dei historiske fartøya er ein viktig del av vår maritime kulturarv og historia om Norge, seier riksantikvar Jørn Holme.

Støtta frå staten er viktig, men likevel berre eit supplement til den store frivillige innsatsen som blir lagt ned for å ta vare på båtane.