Det planlagde Storfjordsambandet, mellom anna med ei bru over Storfjorden, bør utgreiast som OPS-prosjekt. Det meiner Harald Espeland, prosjektleiar i Storfjordsambandet.

Ingen av politikarane som var til stades på Sykkylvskonferansen i går var negative.

I Norge betyr OPS at staten over 20–30 år betalar private firma for å finansiere, bygge og vedlikehalde vegar. Dei private aktørane tek på seg den økonomiske risikoen. Dette vil bli det første OPS-prosjektet på ein fylkesveg.

– Denne ideen er noko vi absolutt må sjå nærare på, seier Charles Tøsse (H).

– Eg trur framleis OPS er ei dyrare løysing, men eg seier ikkje nei til ei utgreiing, seier Kristin Sørheim frå Sp.

Storfjordsambandet treng også ein trafikkanalyse frå Statens vegvesen, og ber fylkeskommunen bestille ein analyse.