Det sa Olav Holts-Dyrnes, konsernsjef i Ekornes ASA.

Møbelkonsernet har fabrikkar i Sykkylven, Hornindal og på Hareid, og sender dagleg varer mellom desse stadene. Møbel-bilane nyttar då fylkesveg 60 gjennom Hornindal.Ekornes er i ein tøff marknad, og Holst-Dyrnes seier at den dårlege vegen er ein konkurranseulempe for dei.

Dei fleste som sa noko om fylkesveg 60 gjennom Hornindal på Sykkylvskonferansen i går, gav Sogn og Fjordane fylkeskommune skulda for at vegen ikkje er blitt rusta opp.

Jan Ove Tryggestad, Sp- ordførar i Stranda, pendla dagleg på strekninga for 35 år sidan:

– Den gongen kunne eg på førehand seie kvar trailerane køyrde utfor vegen på vinterstid. Det verste er at det kan eg seie no, også. Det er ikkje gjort det steike støv. Det er knapt nok kome opp skilt på dei verste stadene, seier Tryggestad.

Opprørt

Han fortalde dei frammøtte på konferansen at han vart direkte forbanna då han fekk høyre at Sogn og Fjordane fylkeskommune likevel ikkje ville prioritere strekninga Tomasgard–Røyrhus bru.

– Når Røyr–Hellesylt er ferdig rassikra neste vinter, er det brukt tre–fire milliardar kroner på fylkesveg 60. Og så skal det stå igjen 12 kilometer gjennom Hornindal, til ein kostnad på 250 millionar. Det er heilt ulogisk, meiner Tryggestad.

Forgjengaren hans i ordførarstolen, Frank Sve (Frp), var ikkje mindre oppgitt.

– Eg har gitt opp heile Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eg trur aldri at dei kjem til å prioritere Hornindal. Difor må vi aller først sørge for at fylkesveg 60 blir riksveg, slik at Staten tek over.

Kristin Sørheim frå Sp meiner at det iallfall er viktig å ha alle reguleringsplanar på plass.

– Regjeringa kjem til å lansere motkonjukturtiltak, som vegbygging. Og då er det viktig å ha planane klare, seier ho.

Fortgang

Også Charles Tøsse (H) vil ha fortgang med fylkesveg 60 gjennom Hornindal.

– Anten må dei to fylka som deler på vegen bli einige, eller så må Staten ta over, meiner Tøsse.

I Hornindal fryktar dei at det skal skje ei ulykke medan dei ventar på ny veg.

– Mange turistbussar køyrer her kvar dag, samt ein god del olje, gass- og kjemikalietrailerar, sa Brynhild Lund Notøy frå Venstre.

Frank Sve har mista all tillit til Sogn og Fjordane fylkeskommune når det gjeld fv. 60.