– Dette likte eg å sjå på, men det ser no litt rart ut. Eg er ikkje van med slikt, smiler Inge Grinde etter at han har sett smakebitar frå andre sesong av serien «Klart eg kan» på NRK Super.

Barnebarnet Aurora Elise Grinde har hovudrolla i episoden som skal visast 26. februar. Og ho synest det gjekk fint å sjå seg sjølv på kinolerretet på Operahuset, på premierefest fredag.

Aurora går i 2. klasse på Nordfjordeid skule. Det gjer også to av dei andre som medverkar i sesong to av serien. I går fekk heile klassen vere med på festen.

Følg smp.no på Facebook

Barnehagebuss

Serien startar 8. januar, med Lukas Endal Andersson frå Eid som førstemann ut. Tv-sjåarane har sett Lukas i ein episode tidlegare, men denne gongen får vi sjå korleis det går når han er med i spelet Elskhug og Eksis.

Veka etter er det Malin Eikenes Tjellaug frå Stryn som skal i elden.

Opptaket er gjort for eit par år sidan, då ho gjekk i Tonning barnehage og hadde plass på barnehagebussen. Med tv-kamera på slep får vi sjå korleis ungane feirar sommarfest i Sagedammen på Ulvedal.

Tredje episode handlar om Leon Silden Tytingvåg frå Måløy som vil bli skipper når han blir stor og sjef på båten «Øyglimt», slik som morfar Kåre Silden.

I fjerde episode får vi sjå Ada Johanne Borgund frå Eid som har sin eigen hund og som deltek i hundekonkurranse.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Gokart, hestar og klatring

Vi får også vere med Sivert Vikene på overnattingstur ved Sognefjorden.

Andre vi får sjå er Mina Husebø Kristensen som likar godt hestar, Emma Aase som køyrer gokart og Hanna Loftesnes Breilid som elskar å klatre. Dessutan skal Suzanne Odlolien og venninna Tine på overnattingsbesøk.

Sistemann ut i denne omgang er Patrick Hjelle frå Måløy 19. mars. Han skal bli brannmann når han blir stor, slik som pappa, og på tv får vi sjå han i aksjon som brannmann.

– Mangfald

Journalist Eva Westvik i NRK Sogn og Fjordane har i snart ni år laga barne-tv med ungar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i rollene.

– NRK Super ynskjer seg mangfald både i dialekt, geografi og kultur, seier Westvik som er imponert over kor tøffe ungane i serien er.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Leitar etter fleire

Prosjektleiar Kjellrun Lavik fortel at dei er i gang med å lage fleire episodar. Dei leitar også etter nye ungar som kan vere med, både nord og sør for Sogn og Fjordane.

– Serien er godt likt, og det er veldig kjekt at NRK Super ser verdien av  dokumentarsjangeren. Vi vil vise korleis ungar lever utanfor storbyen og at dei har like mykje utfordringar som dei som gjerne er mest eksponerte, seier Lavik.

bestevener. Aurora Grinde og bestefar Inge Grinde er bestevener, noko som også kjem tydeleg fram i tv-episoden som blir send 26. februar. Der får vi sjå dei to på fisketur i båt på Eidsfjorden.