Drifta ved fiskemjøl og oljefabrikken på Moltustranda er lagt ned. Tilbake står eit digert anlegg, med fleire tankar, som gjer naboane urolege.

– Det har vore snakk om å bruke tankane til spesialavfall, og det er skremmande, seier Ove Kjetil Moltu, som bur tett inn til fire store tankar som bedrifta har brukt både til brennolje og fiskeolje.

Naboprotestar førde til at ein søknad om å bruke tankane til forureina slam frå oljeproduksjon vart trekt tilbake. No krev Ove Kjetil Moltu at tankane vert fjerna for godt.

– Tankane må reknast som søppel, og kommunen må krevje at dei vert fjerna, seier Moltu.

Han har sjølv tatt kostnaden med å få konsulentselskapet Ares Nordic til å lage ein rapport om tilstanden til tankane. Konklusjonen i rapporten er klar: Dei over 60 år gamle tankane stettar ikkje dagens krav. Rapporten peikar på at godstjukkleiken er under minstekravet på 8 mm. Tek ein omsyn til rust og uvisse knytt til tilstanden til tankane der det ikkje er gjort undersøkingar, så er tjukkleiken langt under minstekravet.

– Etter vår meining vil ikkje dette anlegget kunne brukast utan betydelege kostnader, skriv Ares Nordic.

Konklusjonen er at det vil vere billegare å fjerne tankane og å sette opp nye, enn å utbetre dei slik dei står i dag.

– Ombygginga vil vere så omfattande ta det kan betraktast som ny installasjon, skriv Ares Nordic.

Motstridande

Konklusjonen står i kontrast til ein rapport som eigaren, Welcon, har fått utarbeidd frå selskapet Tank Tech i Måløy. Her vert det konkludert med at tankane er i brukbar stand.

– Med sandblåsing og måling vil tankane vare i mange år, står det i denne rapporten.

Ove Kjetil Moltu har, gjennom sin advokat, fremja formelt krav om at kommunen pålegg eigaren å fjerne tankane. I kravet vert det mellom anna vist til at anlegget står til forfalls, og at det er oljerestar i tankane, som fører til luktplager.

Saka, og dei to rapportane, ligg no hos Miljøverndepartementet, vert det opplyst i Herøy kommune. Det er selskapet Welcon som eig den nedlagde fabrikken.

– Vi tar kravet om å fjerne tankane på alvor, men vil ikkje konkludere med kva vi gjer før saka er ferdig handsama av det offentlege, seier Øivind Stang i Welcon. Han opplyser også at dei skal på synfaring saman med kommunen i dag.