Dette seier Steinar Stokkeland i Bærspesialisten as frå Molde. Firmaet reiser over store deler av Sunnmøre og sel bær frå bil. Minst fire sortar, men med jordbær og bringebær frå Valldal som hovudtonnasje på vekta. Men no går det mot slutten for jordbæra, akkurat når ein normalsesong ville vere i starten.

– Fram mot helga får vi inn dei aller siste bakkane med jordbær frå Valldal. Med varmen som har vore, modna avlingane så raskt at produsentane berre så vidt fekk plukka unna etter kvart, fortel Stokkeland.

Leder i Valldal grønt, Harald Valle, seier at det ikkje blir solgt meir sunnmørsbær i butikkane.

– No er det berre småtteri att i Valldal, og det blir selt lokalt.

Svensk

Steinar Stokkeland sel også blåbær og molte, men desse er ikkje av norsk opphav.

– Nei, her køyrer vi svensk vare. Her heime vart det store tørke- og frostskadar på både tyte- og blåbærlyngen sist vinter.

– Eg høyrer ein må i høgfjellet der det låg vernande snø over lyngen for å finne blåbær i år, seier Stokkeland.

Han innser at også moltebæra får same lagnad som jordbæra.

– Bæra i fleire område med tradisjonelt god moltemark er alt overmodne og ramla ned, opplyser bærmannen. Dei som i det minste ønskjer å skaffe hovudråstoffet til moltekremen 1. juledag, må med andre ord hive seg rundt og leite opp sine meir eller mindre hemmelege moltemyrar umiddelbart...

Alternativet

Steinar Stokkeland hos Bærspesialisten seier dei no set sin lit til bringebæravlingane, som no er i startfasen.

– Her ser det heldigvis svært lovande ut, mellom anna i Valldal der vi hentar tyngda av salsvarene våre.

– Vi får melding om gode tendensar også i plommehagane, så det er ikkje krise sjølv om sommaren har vore lite typisk sunnmørsk, ler bærseljaren. Han rår folk til å snu litt på flisa og på vanane sine.

– Både bringebær og plommer er ypparlege alternativ både til safting, sylting, dessert og direktekonsum insisterer Steinar Stokkeland.

Prisrekord

Han kan fortelje om ei litt god nyheit, for jordbærdyrkarane, heilt på tampen.

– Prispoolen har jamlege telefonmøte, og no har dei sett opp kiloprisen til produsent til det høgste nivået eg veit om.

– Då følgjer vel utsalsleddet etter umiddelbart?

– Det vil ikkje få store utslaget så seint i sesongen, men vi diskuterer om vi må prise opp litt alt i dag eller i morgon, er Stokkeland sitt bærmangelvarsko ut til torgkundane. Lukkeleg kan den vere, som tilfeldigvis dumpa borti eit fullmogent moltefelt under fjellturen, til dømes sist søndag. Og som tilfeldigvis hadde plastpose i sekken...

Sunnmørske jordbær er utselde for i år, men dagleg leiar Lenin Ciprian ved Rimi på Rotset i Volda greidde denne veka i det minste å få tak i eit parti norske jordbær. Snart er det berre importerte å få tak i.