Brønnbåtselskapet auka i fjor driftsinntektene som følgje av dei fekk levert nybygget Ro Fjell, verdas største brønnbåt med ein lastekapasitet på 4,500 kubikkmeter i mai 2013.

– Det er først og fremst nybygget som har bidrege til den auka omsetninga, men vi er også fornøgd med at vi har greidd å behalde omsetninga på dei andre båtane fordi vi hadde betydeleg vedlikehald og oppgradering på flåten i fjor, seier viseadm. direktør og styreleiar Glen Bradley i Rostein.

Mindre margin

Desse kostnadene, samt eingongskostnader i samband med nybygget, gjorde at kostnadene auka i fjor. Selskapet måtte også bokføre auka finanskostnader som følgje av disagio i 2013 (mot agio i 2012).

Driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) vart i fjor 101 millionar, tilsvarande ein EBITDA-margin på 30 prosent. Året før var marginen 40 prosent.

Pauseår

– Vi må nesten kalle 2013 eit pauseår når det gjelder resultatet. Fordi vi har ein stor og moderne flåte er vi avhengig av høgare inntening enn vi hadde i fjor, både i kroner og prosent. Vi forventar derimot høgare inntening i år, seier han.

Den teknologiske utviklinga i bransjen er stor, og selskapet har fokus på å utvikle innovative løysingar både materielt og teknologisk. Det gjeld både med tanke på dyrevelferd og kvalitet på tenestene dei leverer.

– Det er krevjande kundar, og det er ikkje berre å køyre fisken frå a til b lenger. Vi har mellom anna utvikla ein eigen teknologi for å effektivisere kundane sine operasjonar, seier Bradley.

Tøffare konkurranse

Til hausten får dei levert sin ellevte brønnbåt, Ro Arctic. Norge er den største marknaden for Rostein-gruppa, sjølv om dei også utfører sporadiske oppdrag også i Nordsjøbassenget.

– Vi er størst når det gjelder kubikkmeter i den norske marknaden, og er inne som leverandør hos dei store norske oppdrettsselskapa. Kontraktsdekninga er ca. 75 prosent for 2015.

Bradley meiner at konkurransesituasjonen har stramma seg til siste åra.

– Det er blitt fleire aktørar, fleire skip blir frigjort ettersom nyare skip går inn i kontraktane og det er også skip i marknaden som er bygd på spekulasjon, noko som bekymrar oss. Det skal ikkje så mange fartøy til for å skaffe ubalanse i marknaden, understrekar han.

<strong>brønnbåt:</strong> Rostein-gruppa er eitt av dei leiande brønnbåtselskapa i verda, og tilbyr transport av smolt og slaktefisk, avlusing og sortering og telling av fisk direkte på anlegg. Selskapet har hovudkontor i Sandøy, og har no 120 tilsette. Det er Odd Einar Sandøy som eig selskapet. Her er Ro Master. foto: rostein