– Det er inga overdriving å seie at dette er av dei mest oppsiktsvekkjande funna frå steinalderen i Norge dei siste ti åra, seier arkeolog Morten Ramstad.

– Det er aldri funne spor etter steinalderen så høgt i fjellet. I alle fall ikkje som eg kjenner til.

Sunnmørsposten møter Ramstad, som er med i eit team på totalt fem på oppdrag frå Universitetet i Bergen på Fetegga i Tafjord, om lag 1500 meter over havet. Dei har vore der sidan førre måndag, og blir til onsdag.

Fangstfolk

Til no er det funne mellom anna to pilspissar, knivar som har blitt brukt til å kutte opp fangsten, fleire kvartsittavslag, og rundt 60 bogestillingar – steinmurar som jegerane gøymde seg bak medan dei venta på reinsdyr.

– Det her var fangstfolk, og funna her frå jaktmetodane deira dette kan endre synet vi har hatt på korleis dei organiserte seg. Massefangst har vore vanskeleg å kople til steinalderen. Men no kan vi for første gong slå det fast.

– Vi har indikasjonar på at funna kan daterast 7000 år tilbake i tid, men vi kan heller ikkje sjå bort frå at det er 4000 år, seier Ramstad.

Arkeologane er avhengige av å finne fleire gjenstandar for å kunne fastslå tidsperiode sikkert. Håpet er å finne fleire pilspissar.

– Forma på pilspissar endra seg like raskt som skomoten. Om vi finn fleire, vil det hjelpe oss langt på veg, seier Ramstad.

Urørte

Arkeologane trur det truleg er over tusen funn i området.

– Vi visste det var funn frå steinalderen her, men er overraska over at det er så mykje. Dei bustadene vi har sett, er stort sett ved kysten. Men dette er ein heilt anna type lokalitet.

Arkeologane fortel at dei har grunn til å tru at folket kjem frå kysten.

– Det er funne flint, og det finst ikkje naturleg i høgfjellet. Dei må ha tatt det med seg frå kysten.

Dei meiner det er pussig at dei ikkje har funne tydelege spor etter busetnad eller kvar dette urfolket har budd.

- Men vi har grunn til å tru at dei har budd her i nokre hundreår. Det er tydeleg at dei kjenner landskapet. Dei har nytta reinen som matkjelde, og gevira til å lage alle typar reiskap.

Sjeldan

Det er slett ikkje ofte arkeologar reiser så høgt opp i vestlandsfjella. Det var lokalhistorikar Astor Furseth og arkeolog Runar Hole, begge også er med på fjellturen, som gjorde viktige funn på Fetegga i fjor. Dei varsla så Universitetet i Bergen, som fann funna svært interessante.

– Funna er ganske sensasjonelle. Eg har ein teori om at dette er spor etter dei første nordmennene. At dei kom vandrande over fjella. Og når dei no har klart å datere funna til steinalderen, nærmar vi oss teorien min, seier Furseth.

Han er allereie i gong med å skrive bok om funna under arbeidstittelen «Det ukjende fjellfolket».