Anestesioverlege Rune Heggedal på Volda sjukehus ristar på hovudet og vil ikkje heilt tru at det er rett. Blant ti sterke kandidatar er nettopp han stemt fram til å ta imot Sunnmørsposten sin heiderspris i 2013.

Voldadokteren synest det er uverkeleg.

– Men eg veit at sjukehuset i Volda har ei sterk oppslutning i lokalbefolkninga. Eg må sjå denne prisen som eit uttrykk for det, smiler han.

Uredd

Heggedal har vist seg som ein uredd talsmann som brukar det frie ordet i kampen for å behalde akuttfunksjonane i lokalsjukehusa, bremse sentraliseringa og mjuke opp geografiske grenser mellom helseføretaka.

I løpet av dei 18 åra han har vore overlege i Volda, har fjerning av funksjonar ved sjukehuset vore tema med jamne mellomrom. Dei siste åra har kuttforslaga kome tettare.

Ifølgje Heggedal sjølv er det litt tilfeldig at det er han som har hamna øvst på barrikadane.

Dokteren studerer heiderspris-statuetten han nettopp har fått i hand – ei forgylt krykkje i flukt over ein bølgjetopp.

– Altså. Det er svært kjekt å verte anerkjend for å gjere noko vettug. Eg har heile tida visst med meg sjølv at eg står på for ei viktig sak. Men eg vert litt nedtrykt av at det skal vere nødvendig å bry seg på denne måten, seier prisvinnaren.

Aksjon

Han er allment politisk interessert, men føler ikkje for å engasjere seg i generell politikk. Det er helsepolitikk spesielt han brenn for!

Tidlegare i år skreiv Heggedal saman med ni legekollegaer frå heile landet ein kronikk som vart opptakta til Helsetenesteaksjonen. Hovudmålet for aksjonen er ei ideologisk endring av måten helsevesenet vert styrt på. Vekk frå økonomisk mål – og resultatstyring og over til verdibasert leiing.

Pasientane sine behov må leggjast til grunn for korleis tenesta vert organisert.

– Når politikarane fråskriv seg den reelle makta over korleis helsevesenet vert styrt, er det ingen som ser dei viktige samanhengane i samfunnet. Slik kan det ikkje vere. Overlegen har forventingar til den nye helseplanen som den nye regjeringa har lova.

– Ein ny helseplan må sjå vekk frå føretaksgrensene for å finne kven som soknar til dei ulike sjukehusa. Med ein slik plan vil dei lokalsjukehusa som består ha komplette akuttfunksjonar. For berre med fulle akuttfunksjonar vil tilbodet ha god nok kvalitet og kunne vedlikehaldast med god rekruttering, meiner anestesioverlegen.

Smerte

Rune Heggedal kunne ikkje kome til Ålesund på heidersprisutdelinga før jul. Det var aldri aktuelt for han å avlyse avtalane han hadde med pasientane på smerteklinikken den dagen.

Klinikken har han drive saman med kona Merete i 13 år, her er det ope kvar fredag når han har fri frå sjukehuset.

– Å vere lege har vorte ein integrert del av identiteten min. Eg likar å ha med pasientar å gjere. Det gir meining å vere til nytte, og det er eit privilegium å ha eit arbeid som vert målt i anna enn berre løna eg får.

Når det somme tider ikkje er noko å gjere for ein pasient, kjenner overlegen på det å ikkje strekkje til. Det kan vere vanskeleg.

– Men som elles i livet og naturen, må også ein dokter venje seg til at han ikkje har berre suksessar. I vonde stunder er ofte det einaste ein kan gjere berre å vere der, vere eit medmenneske.

Gløtt

Rune Heggedal snakkar meir enn gjerne fag og sak, får stadig samtalen over på helsepolitikk. Når det kjem til det private, held han heller litt igjen. Men han opnar døra på gløtt, og der inne er det mykje bøker.

Han er visstnok ein skikkeleg lesehest. Han likar seg på fjellet også, og går gjerne tur i selskap berre med seg sjølv. Han får lufta ut då. Likeins på fotballbanen med old-boys-kameratane. Der finn den sindige dokteren att barnet i seg.

Jula i år feirar overlegen med vakt på sjukehuset og heime med kona og barna Vebjørn og Silje. Eldstedottera Reidun Kristine feirar med svigerfamilien dette året, så også tre år gamle Alfred, som Rune er bestefar til.

– Dei var hos oss i jula i fjor, og vi vil sakne dei i år. Å ha små barn rundt seg når det er jul kallar fram att forventinga ein sjølv kjende på når ein var liten.

Ettertanke

Elles er juledagane til Rune sin familie prega av eit dødsfall i nær familie. Overlegen trur ettertanken vil vere tydeleg denne høgtida. Dei har fått ei påminning om at livet er skjørt, og spesielt vil tankane gå til dei som har mist sin aller næraste.

Kanskje vil overlegen tenkje på at det er ting som er viktigare enn helsepolitikk og sjukehuskamp?

For av og til slår det Rune Heggedal at han brukar for mykje tid på denne samfunnsdiskusjonen om små sjukehus og organiseringa av helsevesenet.

Kanskje bryr han seg for mykje? Kva hjelper det? Det vil kome nye rundar, nye kuttforslag.

– Men vi er alle samfunnsborgarar, og når ein har innsikt i fagspørsmål og ser at dei som bestemmer er i ferd med å gjere feil val, då har ein ei plikt til å opplyse ålmenta om dette.

<strong>GLAD I PASIENTANE:</strong> I tillegg til å vere anestesioverlege på Volda sjukehus, driv Rune Heggedal og kona Merete Vartdal Heggedal sin eigen smerteklinikk i Volda sentrum. ARKIV Foto: Olav Standal Tangen