Vår kollega Johan Behrentz vil gjerne dele eit tiår-minne i dag:

– Han var Vestnes sin største kjendis i si tid. Grovskoren og stor blei Fakse-Pe lagt merke til.

Men Peder Faksen (1906–1996) var snill som dagen var lang, ein mann med stor forretningssans og ikkje heilt A4.

Fakse-Pe.

Det var dette upløgde ved Fakse-Pe som fekk den unge journalistspiren til å oppsøke einebuaren i 1976. Til vanleg kunne ein finne han ved ferjekaia på Helland, men denne dagen sat han ikkje på sin vante stad og studerte folket. Lokalkjende måtte spørjast.

Fakse-Pe brukte å gå over fjellet eller ro når han skulle treffe folk eller handle. Han kunne skryte av at han rodde til Molde med ved på rekordtid, og då hadde han vore innom Vikebukt på vegen.

Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Uansett var han godt kjent mellom folk i Molde, Ålesund og alle bygdene mellom. Då storsildfisket stod på som mest i 1950-åra, reiste Fakse-Pe til Ålesund for å losse sild. Det var god ekstrainntekt for mange på bygdene på den tida.

Den snille mannen var åleine i barndomsheimen, som ein gang hadde vore eit drivverdig bruk med stor skog. Husa hadde sett betre dagar, og graset sto høgt. Berre nokre kattar var att av dyra på garden. Gjestfri bad han inn, og etter ein liten ettermiddag rodde han gjesten attende til Lervågen.