Gissetevlinga i dag er av den meir utfordrande sorten. Motivet byd dessutan på dobbelt opp: To brudepar med søljer og stas! Ein militær karakter også!

Knut A. Aaning frå Stryn har prenta det kunstferdige bumerket sitt på baksida av fotografiet. Så den sida av saka er rimeleg klar. Men så vert det meir uklart:

– Motivet kan truleg vere frå Sunnylven, av fleire grunnar. For det fyrste så har eg fleire bilde frå Sunnylven som Aaning har tatt. For det andre så kom oldefar min på farssida frå Helset og farmor mi frå Frøysa. Eg har såleis ein god del fjern slekt i denne bygda, fortel Storsæter.

Ivar trur gildet kan ha funne stad ein gong mellom 1900 og 1910. Sånn cirka. – K. A. Aaning dreiv som fotograf i Opp-Stryn mellom 1900 og 1922, fortel bildeutlånaren. Aaning vart lært opp i Bergen, og gjekk så trottig i sving i heimtraktene. Fotografen fekk leve til 1922. Arkivet hans berre litt lenger.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

I eit wikipedia-oppslag les vi at negativa først vart lagra i kjellaren hans, så i revegarden for endeleg å gå i bosset i syttiåra. 23 plater er alt som er att etter Aaning i Sogn og Fjordane si fotosamling. Skrekk og gru.