Bildet i dag viser sjuandeklassingar  på veg oppetter Lisjedalen i 1991.

Vi har til alt hell alle namn, men no må vi snu på flisa og lese  bildet frå høgre. Der står Hege Humberset, Stian Bjørkedal Fylling, lærar Knut Festø, Anja Vollset, Astrid Håvik, Siv Anita Høydalsnes, Edvin Slottelid, Mariann Høydal og Kai-Andre Olsen.

Ålesund: Nørvasundet og «Borgundbroene» for tre tiår siden

Kvifor dei rota i hop timeplanen på dette litt merkelege viset? Jo, for å ta vare på utryddingstruga stadnamn!

«Tretten skilt med stadnamn står no på ein av seterstiane opp mot Lisjedalen, som klassa har hatt ansvaret for», les vi 25. juni.

«For dei fleste elevane er dette ukjende namn, men som gir ei meining når eldre folk forklarar opphavet», står det vidare.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Eit slikt døme var «Rømmeskjerva». Den siste seterbudeia i Austefjorden, Ingrid Håvik, kunne i lag med Jakob Leite fortelje ungdomane at namnet kom frå ein episode der ei budeie sklei på berget og fekk rømmen utover seg.

Fjelltrimgruppa i idrettslaget kopla på skulen i sti-ryddinga si.