Dette fotografiet har no passert sine første tre tiår. Hanna Relling Berg tok det laurdag 14. juni 1986.

«Ingen kom i mål. Alle gjekk på hovudet i sjøen. Sykkelshowet på hamna i Volda laurdag var god underhaldning for den store folkemengda på kaia», skriv ho i ei sistesidesak måndagen etter. «Poenget var å sykle 30 meter på ein smal planke frå moloen til småbåthamna.

For noen tiår siden: Endå eit døme på at bruk er beste bygningsvernet

15 personar var spreke nok til å stille opp, men alle plaska uti, mens sving på løypa gjorde det ekstra vanskeleg å kome fram», står det å lese. Om lag som sonderingane sunnmørskommunane i mellom no for tida, altså? Også i dag køyrer visst dei styrande på hovudet rett som det er. Medan vi andre står på kanten og flirer. Det er då noko.

Vi vil tru det gjeld å ha mest muleg spas medan dette står på. For i neste runde veit vi inderleg vel kven som skal betale for moroa. «Froskemenn frå Møredykk måtte fiske opp den sjokkrosa sykkelen gong på gong. Bestemann vart Bjørn Henriksen som rakk å legge bak seg 12 meter. Eldar Folkestad fekk premie for beste kostyme.

Austefjord skule: Slo saman historie, sløyd, språk og friluftsliv

Sykkelkonkurransen var eit av fleire innslag under Voldafestivalen, som handelsforeininga og fotballgruppa i VTI stod bak», les vi i avisa frå 16. juni 1986.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten