Det verkar kan hende frekt. Dei kan vere noko framfusne i Giske. Men så vil det seg faktisk slik at den berømde felespelaren og slåttekomponisten si morsslekt var frå Vigerne. Dei er såleis i sin fulle rett der ute!

Sistnemnde åleine er verd pengane. Det er i grunnen ikkje stort å stusse på. Berre å lette bak-skuten opp av Ekornesen. Også Ørskog trekkspelorkester tek turen til Mjølner. Dei har nemnleg gleda av å verte instruert av Håvard med ujamne mellomrom.

Omsider har det òg lukkast Svendsrud å få i stand konsert i Stryn. Den går av stabelen laurdag 10. på Hotel Alexandra i Loen, der det dessutan vert skikkeleg gamaldans etterpå.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.