– Politiet vil undersøke saka. Ukjent brannårsak, opplyser politiet på Sunnmøre på Twitter.

– Det var ein kraftig brann med stor røykutvikling, ifølgje eit augnevitne til brannen.

Trafoen ligg vegg i vegg med eit stort næringsbygg. Brannen oppstod i eller ved ei rekke el-skap i transformatoren.

– Det gjekk ganske kjapt å sløkke etter at mannskapet kom fram, seier operatør Arnfinn Klausen ved 110-sentralen.

Det skal ikkje ha vore fare for at brannen spreidde seg til næringsbygget.

Sula brann og redningsvesen rykket ut til brann i trafostasjon på Holsneset. Foto: SMP-tipsar