- Eg har i dag sagt at eg går for førsteplassen. Men det er opp til nominasjonskomiteen å avgjere dette, seier Sylvi Listhaug.

Også Jon Georg Dale, som står på tredjeplass, ønskjer betre plassering.

- Eg vil ha andreplassen – bak Sylvi. For det er ingen tvil om at det er andreplassen som er kampplassen, seier han til Sunnmørsposten.

Nominasjonsprosessen i Møre og Romsdal Framstegsparti tok ei uventa vending i førre veke då Harald T. Nesvik trakk seg frå førsteplassen. Nominasjonskomiteen i fylkespartiet gjekk då inn for at fylkespartileiar Frank Sve skulle stå på førsteplassen. Nominasjonen er no ute på høyring i lokallaga og endeleg avgjerd vert fatta i løpet av november.

No kastar altså dei dei sentrale tungvektarene Listhaug og Dale seg inn i nominasjonskampen for fullt. Bakteppet er at Framstegspartiet har hatt så dårleg oppslutnad på meiningsmålingane at partiet risikerer å få berre ein kandidat frå Møre og Romsdal.

- Eg har heile tida sagt at det som gjeld for meg er sikker plass, seier Sylvi Listhaug.

- Men kva er sikkert plass?

- Her sprikar meiningsmålingane, men eg vil seie tydeleg at eg stiller meg til disposisjon for førsteplassen.

- Valkampen er i gang, sa Listhaug då ho kom til Ulsteinvik måndag formiddag.