Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tilrår fylkestinget til å gå inn for at Møre og Romsdal skal halde fram som eigen region i høyringsuttalen til Stortinget, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

– Det er eit omfattande arbeid som ligg bak denne uttalen. Vi har hatt både ekstern utredning frå Nordlandsforskning, nabosamtalar og eigne utgreiingar i dette arbeidet, uttalar Guttelvik.

Ifølgje pressemeldinga har det vore brei dialog med kommunar, regionråd, næringsliv og organisasjonar i prosessen.

– Vi er kjent med at ein på deler av Nordmøre ønskjer ei løysing med Trøndelag, men ser ikkje at dette er ei mogleg løysing for heile fylket, uttalar han vidare.

Han innstiller likevel i sitt framlegg på at Rindal sin søknad om overføring til Trøndelag bør kunne oppretthaldast.

Høyringsuttalen skal handsamast av fylkesutvalet 22. november og fylkestinget 13. desember.

Les kommentaren: «Nordvestlandet er den regionen vi høyrer til i»

Les lederen: «Kan vi overleve som minste region?»