Medan fiskebåtreiarlag i nord fritt kan handle fiskekvotar i Sør-Norge, er det strenge bindingar på handel med kvotar sørover.

– Nord-sør bindingane står som ein Berlinmur i norsk fiskerinæring, sa styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest, i sin opningstale på årsmøtet i Ålesund fredag.

Bindingane hemmer utviklinga for sørnorske reiarlag, meiner Leinebø. Og han ber sørnorske politikarar gjere som dei i Nord-Norge. Det vil seie å stå hardare på for fiskarane i landsdelen.

– Dei sørnorske poltikarane må forstå at dei framover no i langt større grad må stå på for vår del av fiskerinæringa, og krav om likebehandling, sa Leinebø.

Spørsmålet om omsetjing av kvotar, og kven som kan eige kvotar, er høgaktuelt i fiskerinæringa. I neste veke skal det såkalla Eidissen-utvalet legge fram sine tilrådingar om endringar i kvotesystemet. Fiskebåtreiarane er både nervøse og forventningsfulle.

– Vil viktige grunnsteinar bli forøkt endre? Skal Staten, ikkje fiskarane, ha retten til ressursen? Eg håper at vi når vi kjem så langt kan finne løysingar som står seg på tvers av partigrensene, sa Paul Harald Leinebø.

Fiskebåt Vest er ei av regionforeiningane i Fiskebåt, og dekkjer Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.