Fylkesmannen I Møre og Romsdal fekk totalt søknad om erstatning for 1207 sau på beite i år. Noko som er ei svak auke frå i fjor, omtrent på nivå med 2014-sesongen.

Rauma og Sunndal kommuner er dei to kommunane i fylket med flest rovviltskader. Tapa her utgjer 62 prosent av det samla erstatningsbeløpet for heile fylket.

Det er berre i Rauma at det vert utbetalt erstatning på grunn av ulveskade.

Jerven drep mest

  • Jerv: 746

  • Gaupe: 118

  • Ulv: 17

Ser ein attende, er det 2007 som står att som eit ekstremår, med over 2200 erstatta sauer.

Illustrasjons

Vanskeleg å finne kadaver

– Det er svært vanskeleg å finne kadaver på utmarksbeite, så hovuddelen av erstatninga blir ytt på grunn av at Fylkesmannen ser freda rovvilt som den mest sannsynlege årsaka til at tapa er høgare enn det som er rekna som normaltap, står det på fylkesmannen si nettside.

Ingen får erstatta tap av sau innafor normaltapet, så sant dette tapet ikkje er dokumentert av Statens naturoppsyn (SNO).