Politiet melde laurdag ettermiddag at to personar hadde køyrt seg bort på ski på Strandafjellet.

- Det er dårleg sikt og mykje snø på staden. Hovurdredningssentralen er varsla om hendinga og det pågår lokaliseringsarbeid, heitte det på Twitter klokka 16.17.

- Dei to køyrde alpint, men har kome utanfor traséen. Dei melde sjøl frå om at dei hadde vanskar med å finne tilbake, fekk Smp.no opplyst ved operasjonssentralen til politiet kort tid etter.

Både trakkemaskin og snøscootar vart sendt opp i området, og klokka 16.24 kom det ny melding frå politiet om at dei to var lokalisert og ville bli frakta ned av ein skipatrulje.