To damer vart tatt på fersk gjerning då dei prøvde å lure seg unna med fire brett egg. Dei erkjente forholdet, skriv politiet på Twitter.

– Dei har gjort opp for seg ved å betale eigaren for egga, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck i politiet i Møre og Romsdal til smp.no

Det vil likevel bli oppretta ein straffesak.

Operasjonsleiaren veit førebels ikkje kvifor dei to kvinnene heller stal egga enn å betale for dei.