(Møre-Nytt) Elias Moe, som saman med borna Janne og Thomas, driv Mylna i dag kunne torsdag ta imot rundt femti gjestar som var på opninga av Économusée.

Ideen bak Économusée starta i Kanada for tjuefem år sidan, og er i dag eit stort internasjonalt nettverk som tek vare på gamle handverkstradisjonar.

Mylna skal no vere eit levande visingssenter der dei viser fram produksjonen sin for besøkjande, og det kan vere til dømes både turistar og skuleklasser.

– Gratulerer så mykje med dagen. Det er eit eksklusivt selskap de no er ein del av saman med mellom andre Aurland skofabrikk og Ciderhuset i Balestrand. Vi er spesielt stolt over at Mylna no har oppnådd status som ein del av Économusée-nettverket som det første anlegget i Møre og Romsdal. No vil endå fleire kunne oppleve og sjå det viktige handverket som vert gjort i bruk, sa Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, då ho stod for den offisielle opninga.

Fekk gratulasjonar

Moe og drivarane av Mylna fekk gratulasjonar og helsingar frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel, Høgskulen i Volda, Volda kommune og Norsk kulturminnefond under opninga torsdag.

Ordførar Jørgen Amdam kunne og forsikre Moe at utbyggingsplanane som er i området ikkje vil påverke Mylna, og han understreka at han vonar utbygginga vil kunne ha positiv påverknad for Mylna i framtida.

Nummer tretten i Noreg

Mylna vert det trettande Économusée i Noreg.

I tillegg til Mylna er Aurlandskoen, Oselvarverkstaden, Fjordtynna, Stine Hoff Glasblåserverksted, Syse Gard, Tønnegarden, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Ledaal Teppeveveri, Ullform, Oleana, Arven og Ciderhuset ein del av nettverket.

Kvart Économusée er tilrettelagt etter ein sekstrinnsmodell for å gjera besøket til ei minnerik oppleving.

Det skal vere eit innbydande resepsjonsområde, tilrettelegging for å oppleve handvarer i arbeid, historisk formidlingsområde, formidling av moderne produksjon og innovasjon, dokumentasjonssenter og butikk.

Arbeidet med å bli ein del av Économusée-nettverket starta allereie i 2010 for Mylna.

Denne saka vart først publisert i Møre-Nytt