(Vikebladet/Vestposten): - Det er ingen tvil om at Ulsteinvik har ein sentral del i hjartet vårt, sa produsent Vilje Hagen då ho ønskte forsamlinga velkomen.

Ho rosa måten TV-teamet har blitt tatt imot i Ulsteinvik, alt frå kommunen, Høddvoll, folk har opna heimane sine og mange har stilt opp som statistar.

Publikum fekk denne kvelden sjå dei to første episodane av «Heimebane», og dei likte tydeleg det dei fekk sjå. Her var gode karakterar til å bli glade i i storslått natur.

Helena Mikkelsen, spelt av Ane Dahl Torp, var beintøff som første kvinnelege fotballtrenar for menn i eliteserien.

John Carew spelte ein klysete fotballspelar med stort ego, samtidig var det mogleg å forstå rollefiguren hans også. Og her var mange fleire gode karakterar.

Det er Chelsea Victoria Sand og Christian Petany Grønmyr (begge frå Ålesund) som speler borna til Carew i serien.

- Kva gjorde de for å bli kjent med Carew?

- Me var inne på eit rom. Der fekk me helse på han. Så spelte me plipp-plopp. Det gjekk ut på at me skulle ha vatn i munnen og sjå på kvarandre og ikkje le, fortel dei.

- Korleis var det å sjå seg sjølv på filmen?

- Litt flaut, men mest gøy, seier dei samstemte.

Trur det vil kome mange tilreisande

Ulsteinordførar Knut Erik Engh har ikkje sjølv nokon rolle i serien, men han syntest det han fekk sjå var veldig bra.

- Faktisk betre enn eg hadde venta, seier han etter filmvisinga.

- Eg ventar ein del tilreisande til Ulsteinvik etter serien har blitt sendt på skjermen. Eg trur nok at hotellet og butikkane vil nyte godt av dette, seier han og håpar på gode ringverknader av den storslåtte eksponeringa på norske TV-skjermar kvar sundag framover i ti veker.

Startar snart innspelinga av neste sesong

Alt før første sesong har blitt vist på TV har NRK og Motlys bestemt at det blir ein sesong to.

Innspelingane av neste sesong startar alt 13. mars.

Produsent Vilje Hagen seier at dette gler dei seg stort til.

- Eg hadde ikkje vore her sidan siste innspelingsdag i haust. Då eg kom tilbake hit på hotellet i dag var det som i kome til min andre heim. Eg gler meg sånn til å kome tilbake å dra på Høddvoll, og ikkje minst Flø. Der er det så vakkert! slår Hagen fast.

Ho skal også helse frå Ane Dahl Torp som diverre ikkje kunne kome på premierefesten då ho måtte jobbe.

Ho gler seg også stort til nye rundar med innspeling på Sunnmøre.

«Heimebane» har premiere sundag 4. mars.

Denne saka vart først publisert på Vikebladet.no