– Å få besøk av eit av nyare tids største metal-/rock-suksessar - Ghost - er utruleg stort og noko vi har håpa på i mange år. Dette vert ikkje noko mindre enn ei episk oppleving, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Dei Grammyprisbelønna svenskane, som ikkje har avslørt identiteten sin, vert beskrive som eit av nyare tids største suksessband innan metal/rock-sjangaren av Malakoff-arrangøren.

Malakoff18 vert arrangert på Nordfjordeid 19. - 21. juli.

Frå før av er det kjent at blant andre Gluecifer, Kjartan Salvesen, Kjartan Lauritzen og Unge Ferrari vil gjeste Malakoff18.