Fredag er første møtedag for det nye styret i Helse Møre og Romsdal. Eit heil nytt styre får økonomiske utfordringar i fanget, og det er knytt spenning til korleis styret vil følgje opp økonomien i helseføretaket. Trønderen Ingve Theodorsen (64) tek over som styreleiar etter Stein Kinserdal. Sykkylven-rådmann May-Helen Molvær Grimstad tek over som nestleiar etter Petter Bjørdal, og også dei andre eigaroppnemnde styremedlemmane er nye.

Rekneskapen i februar viser eit negativt avvik i forhold til budsjettet på 2,5 millionar kroner. Administrerande direktør skriv i styregrunnlaget at han er uroa for utviklinga ein ser i underliggande drift.

«Tala for februar viser at ein ikkje har lukkast å redusere tilsvarande føresetnadane i budsjettet. Det vil bli retta ekstra oppfølging og innsats for å understøtte dei avdelingane som har dei største avvika», heiter det i saksutgreiinga for styret.

Administrerande direktør Espen Remme skal no ha faste månadlege møter med klinikkane for å følge opp at budsjetta blir haldne. Helseføretaket har større inntekter enn budsjettert i februar, men har gått på ein lønns- og pensjonssmell på 6,5 millionar kroner i høve budsjettet.

Sunnmørsposten følgjer møtet utover fredagen.