Klokka tre i natt melde Mørenett at alle hadde fått straumen tilbake, etter ein kraftig trafobrann i bustadområdet Bergshagen i Volda.

– Heldigvis er det sjeldan at slikt skjer. Det var ein bra brann i stasjonen, seier Rune Kipperberg, adm.dir. i Mørenett.

Eit aggregat sørgjer for straum til alle husstandane i området. Måndag skal Mørenett starte arbeidet med å skifte ut stasjonen.

Det han kan slå fast er at det har vore ei kortslutning i trafoen. Folk i nærleiken melde om ein eksplosjon. Kva som har vore årsaka er ikkje klart.

– Vi veit ikkje kvifor dette skjedde. Det har vore kaldt lenge, og ei svakheit ein eller annan plass kan bli trigga av høg last, men som sagt, dette er spekulasjonar, seier Kipperberg.

Fekk hotellovernatting

Volda kommune var tidleg på banen med hjelpetiltak for dei som ikkje hadde alternativ til elektrisk oppvarming. Hotellovernatting var eitt alternativ som kommunen kunne tilby laurdag kveld, skriv lokalavisa Møre. Heimesjukepleia var også kopla inn.

– Vi gjekk frå dør til dør for å undersøke om folk trong hjelp. Så langt eg har oversikt over, var det fem personar som fekk hotellovernatting, seier Kjell Magne Rindal, eigedomssjef i Volda kommune, til Sunnmørsposten.