Brannvesenet og politiet rykka torsdag ut til ein grasbrann ved Øvre Tennebø i Vågsøy kommune. Vest politidistrikt opplyste at det brann kraftig i fjellsida på Tennebø.

SISTE: Brannen er sløkt, melder Vest politidistrikt klokka 17.56. Det vil vere vakthald i område i natt.

Brannvesenet kalla inn hjelp frå eit helikopter i arbeidet, som slepte brannbombar over området. Dette skal ha fungert bra.

Det bles kraftig i området, opplyser ein tipsar til Sunnmørsposten.

Brannvesenet opplyste til Fjordenes Tidende at vinden går i rett retning, bort frå kraftledningar, og at dei difor trur dei slepp å kutte straumen, slik dei vurderte.

Politiet har bedt folk som bur i nærleiken om å lukke vindauge og dører.

– Brann kraftig

Eit hus blei evakuert, melder Fjordenes Tidende.

– Det brenn kraftig i fjellsida på Tennebø. Brannvesen og politi er på staden, men vi har ikkje oversikt over omfanget no, sa Lars Geitle ved Vest politidistrikt til avisa tidlegare torsdag.

– Det er mykje røyk i området og ein god del vind. Men vi ikkje fått melding om at det er fare for at brannen spreier seg, sa Geitle til lokalavisa.

Brannen vart meldt i 13.30-tida torsdag.

Sunnmørsposten oppdaterer