Politiaksjonen som har pågått i Sykkylven onsdag ettermiddag, er avslutta.

- Helsepersonell har tatt hand om ein person, og oppdraget er ferdig for politiet sin del, stadfestar operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt overfor smp.no klokka 18.45.

Aksjonen vart ifølgje politiet igangsett etter at personen kom med truslar.

- Vedkommande har truga med å skade seg sjølv og andre, og vi ønskjer å få kontroll på denne, sa operasjonsleiaren klokka 17.35.

- Så langt har vi ein politipatrulje på plass frå det lokale lensmannskontoret, i tillegg er ein patrulje på veg frå Ålesund, la han til.

- Har politiet valt å væpne seg i samband med aksjonen?

- Nei, ikkje så langt, sa Tjønnøy.

Politiet vart varsla i saka rundt klokka 16.30.