Nynorsk kultursentrum applauderer Sunnmøre politidistrikt for at dei så raskt tok til å tvitre på nynorsk etter at Norsk Målungdom hadde klaga på brot på mållova.

- Den handlekrafta lovar godt, skriv direktør Ottar Grepstad i eit brev til politidistriktet.

Fortener ros

- Vi tek skarp avstand frå dei som har latterleggjort skrivefeil i meldingar. At medarbeidarar som har vore vane med å skrive bokmål, så fort skriv så bra på nynorsk som dei gjer, fortener ros og respekt, skriv Grepstad og legg til at å skrive er vanskeleg for alle.

Grepstad tilbyr også at dei kan stille opp med råd i politiet sitt vidare arbeid med nynorskbruk.

Ryddearbeid

Sjølv om politidistriktet får ros, meiner Grepstad at dei har meir ryddearbeid å gjere. Då Nynorsk kultursentrum i vinter melde eit hærverk til politiet, var all skriftleg kommunikasjon frå politiet på bokmål.

- Dei lovfesta krava inneber at all denne korrespondansen skulle ha vore på nynorsk, seier Grepstad.

Han tok saka opp med ein politiadvokat og fekk melding om at dette var eit policyspørsmål som ein måtte ta opp med leiinga.

- Der ligg nok ei openberr mistyding. Det er ikkje eit policyspørsmål om politiet skal følgje norsk lov eller ikkje, slår Grepstad fast.

Han meiner politiet lett kan utforme standardbrev både på bokmål og nynorsk. Og han viser til at Høgserett har mange hundre standarddokument som alle ligg føre på begge målformer.

Flisespikkeri

Men ikkje alle er einige med Grepstad.  Justispolitikar Jan Arild Ellingsen (Frp) er ifølgje NRK både oppgitt og lysten på ei endring av mållova, etter at tre politidistrikt på Vestlandet no har fått beskjed fra Språkrådet om berre å skrive på nynorsk på det sosiale mediet Twitter.

Ifølge NRK gjeld dette Hordaland, Sunnmøre og Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt. Om dei tilsette her tvitrar på bokmål, bryt politiet mållova.

Ellingsen seier til NRK at han håpar norsk politi er meir opptekne av å gjere den jobben publikum ventar av dei enn kva språkform som blir vald.

- For meg er dette flisespikkeri og lite konstruktivt, seier Ellingsen til kanalen.