Ein 16 år gamal gut er brakt til sjukehus med luftambulanse etter ein påkjørsel i Eid tidleg onsdag.

Politiet fekk ved 07.20-tida melding om at guten var påkøyrd av ei bil i eit gangfelt i Nordfjordeid sentrum.

AMK-sentralen i Førde opplyser at guten fekk lettare skader og får behandling ved vanleg avdeling på sjukehuset.

Føraren av bilen, ein mann i 60-åra, fekk førarkortet beslaglagt etter ulukka. Saka vert etterforska av lensmannskontoret i Eid.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no