Barnehagen skal vere ein kulturarena, og då må lærarane ha kjennskap til ulike kulturar og tradisjonar. Den opplevinga fekk 1. årsstudentane på Haualeite i Volda onsdag.

Barnehagelærarstudentane ved Høgskolen i Volda fekk først ei faglig innføring før dei sette turen til Volda bygdetun. Mellom dei gamla, lafta husa under strålande januarsol laga studentane sameretten «bidos», leika skallekasting (skaller er komagar, samiske sko), laga figurar av naturmateriale og gjekk natursti.

Respektfull samhandling mellom ulike etniske grupper krev at barn møter forskjellige kulturar, heiter det i rammeplanen for barnehagens innhald. det tok faglærarane i Natur, helse og rørsle ansvar for då dei organiserte denne fagdagen for dei komande barnehagelærarane.

Ansvarlege var Lin Ingunn Sætre, Randi Holsvik og Kari Ryslett, som fortel om ein lærerik dag som vart avslutta med lassokasting, joik og fagleg quiz. Dagen etter besøkte studentane lokale barnehagar for å prøve ut aktivitetane dei hadde lært - noko som resulterte i joikande born ved middagsbordet same dag.