Søndag ettermiddag vart ein person frakta til legevakt etter å ha køyrt inn i eit tre.

Vedkomande er tilsynelatande lettare skadd, opplyser vakthavande operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Uhellet skjedde i Brattvåg, og vedkomande er køyrt til legevakt i Ålesund.

- Bilføraren, ein mann i 50-åra, er mistenkt for å køyre i rusa tilstand, og førarkortet er beslaglagt, opplyser politiet.