Fredag kveld hadde naturdokumentaren «Kunsten å leggje seg paddeflat» førpremiere i Volda kino. Filmen er laga av Are Pilskog i Blåst Film. Pilskog har tidlegare har vunne mange prisar for filmen «Havet sølv».

Les også: Heider til «Havets sølv»

– Dei to filmane er heilt ulike, fordi dei handlar om ulike tema. Likskapen ligg likevel i fascinasjon for naturen. Eit av måla mine med begge filmane er å få andre til å bli like fascinert som meg sjølv, fortel Pilskog.

Trampeklapp

Mykje tyder på at publikum i Volda vart fascinert, for etter visninga fredag kveld fekk Pilskog og filmen god mottaking.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Folk reiste seg og ga filmen trampeklapp. I tillegg fekk eg mange gode ord både frå ordførar, fylkesvaraordførar og andre i salen, seier Pilskog, og legg til:

– Folk flira, lo og koste seg under visninga. Alt tyder på at publikum likte det dei såg, så no er eg veldig letta og glad.

Treige

Etter å ha jobba med prosjektet i over fire år, kan filmskaparen slå fast at padder, dei er fine dyr.

– Det er så lett å le av padder. Dei er treige og har ikkje ein direkte tiltalande utsjånad. Men dei har sin plass i økosystemet, og har livets rett sjølv om dei ikkje kjem oss menneske direkte til nytte.

Les fleire kultursaker på smp.no

Etter å ha studert og fotografert paddene på nært hald har Pilskog til og med begynt å like paddene.

– Eg vil framleis ikkje si at dei er direkte vakre, men dei har sin sjarm, eg synest i alle fall ikkje at dei er ekle. Augene, for eksempel, er utruleg flotte. Kanskje er padder finare enn mange trur, spør Pilskog.

Sju tunnelar

Filmen til Pilskog handlar likevel ikkje berre om padder, men òg om kampen for å bevare paddene.

– Filmen er om både padder og folk. Særskilt om dei to entusiastane Oddvar Olsen og Gunnar Wangen. I realiteten er det dei som sørgde for at det vart bygd sju paddetunnelar under europavegen slik at paddene skulle sleppe å gå over.

Mykje pengar

Over ein million kroner er brukt på paddetunnelane. I tillegg har ein heil kommune blitt engasjert i å bevare paddebestanden i Austefjorden. Som eit teikn på støtta frå lokalbefolkninga står no ein 2,5 meter høg paddestatue ved Austefjorden. Ein paddeapp er òg utvikla.

Les og sjå video: Kjempepadda på veg til E39Les også: - Det er ikkje alle som har ei padde på sokkel

Mange

Paddebestanden i Austefjorden er Nordens største og ein trur den består av rundt 20.000 padder. Om paddene brukar paddetunnelane får sjåarane svar på i filmen. Norgespremiere er på NRK1 tysdag 3. mars.

Les også: Padder treng meir sikring i trafikken

NRK har òg vore med på å finansiere filmprosjektet. Andre støttespelarar er Vestnorsk filmsenter og Volda kommune. Pilskog fekk dessutan kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å lage filmen.