Som ein av 14 norske dokumentarfilmar skal «Ishavshanda» visast under festivalen Eurodok i Oslo, som går føre seg 18. til 22. mars.

Den europeiske dokumentarfilmfestivalen Eurodok er Cinematekets eigen dokumentarfilmfestival, og arrangerast i år for 14. gong.

Gjør som flere enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Betyr mykje

Målet med festivalen er å fremje det beste innan ny, europeisk dokumentarfilm.

– Det betyr veldig mykje for meg at «Ishavshanda» blir teken ut til viktige festivalar som Eurodok fordi filmprosjektet har vore eit heilt fritt kunstnarisk prosjekt som ingen andre, som til dømes tv-kanalar og andre finansiørar, har hatt innflytelse på. Idé og form er hundre prosent vår og vi har fått fri moglegheit til å eksperimentere med filmverktøyet. Då er det ekstra kjekt å sjå at vi har treft ei kunstnarisk nerve, seier Sturla Pilskog.

Poetisk og vakker

Han og broren Are Pilskog, som begge er frå Hjørungavåg, driv i lag filmselskapet Blåst Film. «Ishavshanda» var den første filmen der dei to delte på regiansvaret.

Filmen handlar om korleis vêr, vind og hardt arbeid formar hendene våre. I tillegg til å gå tett på hendene til fleire tidlegare fangstmenn, vart òg drivis filma frå isbrytar og helikopter.

– Det er ei poetisk og vakker reise inn i eit «handskap» som har vore spesielt for Sunnmøre, sa Sturla Pilskog til Sunnmørsposten rett før premiera på filmen 25. april 2014.

Les flere kulturnyheter på smp.no

Verda rundt

Over et år etter premiera lever no filmen sitt eige liv, i den forstand at stadig fleire filmfestivalar verda rundt melder at dei vil vise filmen.

– Vi er så heldige at filmen er tatt inn i distribusjonssystemet til Norsk Filminstitutt. Dei «sel inn» filmen for oss, og har fått god respons, seier Pilskog.

Aktuelle festivalar «Ishavshanda» skal visast på i tida framover er: Bergamo International Film Festival i Italia, Atlantic Film Festival for Youth i Canada, Amarcort Film Festival i Italia og Budapest Shortfilm Festival i Ungarn.

Prisar

Dei to brørne Are og Sturla Pilskog har hatt stor suksess med filmane sine. Frå før har Are fått ei rekkje prisar for filmen «Havets sølv». Fredag hadde «Kunsten å legge seg paddeflat» førpremiere i Volda.

Tysdag kveld visast den på NRK1. Også den har så langt fått positive meldingar.

– Det er ikkje slik at alt vi gjer blir ein suksess. Mange prosjekt blir aldri noko av på grunn av manglande støtte, seier Sturla, og legg til:

– Dette var spesielt med «Ishavshanda» fordi denne filmen blei finansier gjennom det såkalla KJØL-prosjektet.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Dette var eit samarbeid mellom Vestnorsk filmsenter og museum, bibliotek og kultursentra i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Eigentleg er Are utdanna biolog medan Sturla er utdanna sosialantropolog. No driv dei likevel med film på heiltid.

Annleis bakgrunn

– Vi har filmutdanning i tillegg, men er ikkje utdanna regissørar. Eg trur det at vi har ein litt annleis bakgrunn kan vere positivt, seier Sturla.

Han tek turen til Oslo når «Ishavshanda» blir vist under Eurodok 19. mars.

I den sunnmørske kystkulturen er «ishavshanda» ei hand som har erfart ikkje berre tungt arbeid, men også harde vêrforhold, og naturopplevingar som dei heime vanskeleg kunne førestille seg Foto: Blåst Film
Ei hand å halde i Foto: Blåst Film
Frå innspelinga av filmen «Ishavshanda». Foto: Blåst Film
Kan hendene fortelje noko om arbeidet og naturen dei vart forma av? Dette var spørsmålet Sturla og Are Pilskog ville finne svar på. Foto: Blåst Film
Sturla Pilskog Foto: Blåst Film