– Eg synest det er kjempespanande å skulle drive eit galleri for unge kunstnarar, og veldig kjekt å få denne mulegheita til å skape liv og røre, og kunstnerliv midt i Ålesund by,  seier ei svært glad Aldis Gunnarsdóttir. Ho er frå Island, men har dei siste åra budd og arbeidd i Ålesund.

Kvar i sentrum det nye galleriet skal ligge er ikkje klart enno.

– Eg har ikkje fått tak i lokale enno, men er på leiting. Aller helst ynskjer eg meg eit lokale i Kirkeegata,- eit fint lokale med store vindauge, men som ikkje kostar for mykje, seier den ferske galleristen.

Pengestøtte

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å bidra til at kunstnarar i alderen 20-39 år skal kunne tene pengar på kunsten sin. Difor vart det tidlegare lyst ut midlar på kr. 1,5 mill. kroner som skal gå til drift av tre galleri i to år.

I alt kom  det inn 13 søknader, og tre av desse vart plukka ut. I tillegg til Aldis Gunnarsdóttir skal  Maria Sandsmark, Bente Sellevoll og Hilde Brunvoll drive galleri i Molde, og i  Kristiansund: Nordic Light Events AS som skal stå for galleridrifta.

Kvar av galleria vil motta kr. 500 000.- frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Viktig med satsing

Galleri for unge kunstnarar er eit tiltak i Program for kreative næringar i Møre og Romsdal 2013-2016. Programmet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune har i lag med Innovasjon Norge inn mot kreative næringar.

– Vi ser at det er mange som tek utdanning innafor dei kreative faga, men manglar arbeidsplass i Møre og Romsdal, seier leiar for styringsgruppa, Randi Asbjørnsen  i ei pressemelding. Der blir det og peika på at  behov for utstillingslokale for unge kunstnarar er løfta fram av kunstnarane sjølve.