Tollarane var på veg tilbake til Ålesund frå Årø lufthamn Molde då dei bestemde seg for dieselkontroll av eit litauisk registrert vogntog på Ørskogfjellet den 8. mai.

Det var ikkje avgiftsfri diesel på tanken, men på hengaren fann dei fleire svarte plastsekkar med sigarettar, melder Tollvesenet onsdag 13. mai.

Tollarane fann 150 kartongar med totalt 30.000 sigarettar i vogntoget. Sigarettane utgjer 99.000 kroner i ikkje betalte avgifter til statskassa.

Den 43 år gamle litauiske sjåføren slapp unna med ei bot på 15.000 kroner for sigarettsmuglinga, gitt av politiet.