14 unge talent vart onsdag kveld heidra i Fosnavåg konserthus, då Sparebanken Møre delte ut sine Gnist-stipend. Vinnarane sjølve visste ikkje kor mykje dei fekk før utdelinga.

– Eg vart veldig overraska over å få hovudstipendet! Det er kjekt og betyr så mykje for meg, sa orienteringsløparen Ingrid Lundanes (18) frå Ålesund då ho vart ropa opp som vinnar av 100.000 kroner.

Dei 13 andre fekk òg ganske solide summar: 50.000 kroner kvar:

  • Vegard Kvamme Holum, trompet, 20 år frå Herøy

  • Mathias Sætre, biljard, 19 år frå Sande

  • Line Starheimsæter, skodespelar, 29 år frå Sykkylven

  • Karoline Hansen, skyttar, 20 år frå Ørskog

  • Monica Flakk Nordang, kunst og handverk, 27 år frå Ørsta

  • Jakob Rypdal, jazzmusikar, 25 år frå Ålesund

  • Sigurd Holten Bøen, symjing, 18 år frå Ålesund

  • Eirik Havnes, lydkunst, 26 år frå Ålesund

  • Tellef Solbakk Raabe, popmusikar, 24 år frå Ålesund

  • Erika Melchior, trialsykkel, 20 år frå Norddal

  • Hanne Korsbrekke Askeland, opera, 26 år frå Molde

  • Elias Hustad Birkeland, golf, 16 år frå Molde

  • Eirik Andreas Vik, teikeserie, 25 år frå Rauma

Stipenda vert delt ut til personar mellom 15 og 35 år i kategoriane kultur, idrett og opa klasse. Det er banken sin måte å støtte enkeltpersonar på ved å «nøre opp under draumane og la gnisten utvikle seg til flammar».

Ei glad og stolt Ingrid Lundanes mottok heile 100.000 kroner, her saman med banksjef Geir Bertil Aspehaug. Foto: Arnt Urkedal