Dette seier Eldar Sindre Stavseth (66), som eit innspel i debatten om innføring av ny ammunsjonstype til konkurranseskyting. Saka om å ta i bruk same kaliber som terroristen Anders Behring Breivik brukte under massakren på Utøya 22.juli 2011 skal opp på Skyttartinget under Landsskyttarstemnet på Lesja laurdag morgon, til kraftige protestar frå ei gruppe fedre til dødsoffer på Utøya.

Forståing

Eldar Sindre Stavseth har bakgrunn som befal. Han har fleire tiårs fartstid som medlem i skyttarlag på Sunnnmøre, men er siste åra busett i Bergen. Han går sterkt i rette med argumenta mot innføring av kaliber 5,56/223Remington, mellom anna at det er farleg å spreie slik ammunisjon ut mellom alle skyttarlaga i landet.

- Eg har stor forståing for kjenslene til dei som tek opp saka, men ikkje for argumentasjonen, seier Stavseth.

Fokus

- Kva meiner du?

- Eg meiner at det uansett vil vere folka bak våpna ein må ha fokus på. Som døme kan eg nemne at eg meiner væpninga av politiet er eit feiltrinn for folk flest si sikkerheit.

- Med den kjennskapen eg har til politiet sine skyteferdigheiter,ville eg ikkje kjenne meg trygg på noko vis, dersom eg var i nærleiken når politiet løyser skot, seier Stavseth. Han meiner også at det no er avdekt kor lett uvedkomand kan få tak på tenestevåpenet til politiet.

Illegalt

Stavseth hevdar at 5,56 ikkje er meir "terrorammunisjon" enn dei fleste andre typar.

- Nesten kven som helst kan i dag greie å skaffe seg ein maskinpistol illegalt - av til dømes den typen poltiet brukar, og med same ammunisjon som dei alle no går rundt med i pistolar dinglande frå beltet. 9 mm ammunisjon likeså. Dersom ikkje dette kan vere ein sikkerheitsrisiko, så veit ikkje eg, seier Stavseth.

Tilrår

Stavseth viser til at ammunisjonen i skyttarsamanheng er under god kontroll.

- Ja, og dette handlar etter mitt syn meir om opplæring, haldningar og disiplin enn om ammunisjonstype. Det har vore utført udådar med nær sagt alle typar ammunisjon og reiskap, utan at ein har kunne forby alt dette av den grunn. Eg vil seie det er såpass gode både økonomske, tekniske og ballistiske argument for den aktuelle konkurranseskyttarammunisjonen, at eg ikkje ville nøle med å går for den, seier  Eldar Sindre Stavseth, opphavleg frå Spjelkavik.

Dagens standard skyttarklaliber 6,5 x 55 bakerst, 5,56/223 Remington nærast. Foto: Knut Arne Aarset