(Foto: Adrian Øhrn Johansen)

Foto: Adrian Øhrn Johansen

Greitt med meir nynorsk

Tiandeklassingane på Kolvikbakken synes det er greitt med meir nynorsk i skulen.

Sjølv om nynorsken slit i byen, finst det krikar og krokar i ålesundsskulen der nynorsken gror godt. Med gode resultat og nøgde elevar, foreldre og lærarar.

Kolvikbakken ungdomsskole er bokmålskule midt i tjukkaste Ålesund. Likevel les og skriv fleire av klassane nynorsk i enkelte fag, også utanom norskfaget.



Nynorsk i RLE

Med støtte frå nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda, har skulen kjøpt inn to klassesett lærebøker på nynorsk i faget RLE (religion, livssyn og etikk). Elevane skriv nynorsk når dei jobbar med faget, og læraren brukar konsekvent nynorsk i tavleundervisninga.

– Det var litt uvant i starten, men det har gått veldig greitt. På denne måten lærer vi meir, både å skrive nynorsk og mange ord vi ikkje kan frå før, seier Tuva Snipsøyr Holøs og Ola Fossåen Ask i klasse 10e. Der har alle dei 26 elevane nytta nynorsk aktivt sidan åttande klasse.



Foreldra med

Bakgrunnen er eit prosjekt kontaktlærar Magritt Grimstad sette i gong med klassen sin. Då dei tok til på ungdomsskulen fekk ho med seg foreldregruppa, som var positive til eit løft for sidemålet.

– Mange elevar som har bokmål som hovudmål slit med sidemålet. Slik er det ikkje med elevar som har nynorsk som hovudmål. Dette er mykje fordi nynorskelevar heile tida høyrer og les bokmål, både i media og elles. Ved å la elevane få meir nynorsk i den ordinære undervisninga, får dei eit betre utgangspunkt for å få gode karakterar i sidemålfaget, noko som er viktig ved opptak til vidare skule og utdanning, seier Grimstad, sjølv lærar i norsk og RLE.



Kosetime med nynorsk

Skulen har også kjøpt inn skjønnlitteratur på nynorsk som alle elevane kan låne på skulebiblioteket. Nynorsk vert nytta aktivt i leseverkstaden på skulen og kvar veke har klasse 10e også eit eige «nynorskkvarter» – ein slags kosetime med nynorsk der elevane får framføre musikk og song, diktlesing eller andre innslag for resten av klassa.

– Elevane er veldig positive, og er no heilt vande med å nytte nynorsk. Eg har ikkje brukt ein einaste time på å diskutere med dei kvifor vi gjer dette, seier Grimstad. Utan å ha samanlikna karakterane i sidemål med dei andre klassane, meiner læraren at språkkompetansen til elevane er blitt betre, noko også leiinga ved skulen stadfestar.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Tarjei Bø vil gå alle distanser i OL

Tarjei Bø har lagt de siste sykdomsproblemene bak seg, og mener at han skal være i fullt slag til verdenscupstarten i Östersund.