Vyrde med konsert og fest på lokalet

Under Øyvind Granden Berg si musikalske leiing feira Vyrde mannskor sine 20 år med konserten ”Frå Johan H. til Queen” på Vonheim i Haugsbygda laurdag. I jubileumsåret har Vyrde dressa seg opp; resultatet er at dei ser nesten like bra ut som dei høyrest ut.
Foto: Gunnar Wiik
Under Øyvind Granden Berg si musikalske leiing feira Vyrde mannskor sine 20 år med konserten ”Frå Johan H. til Queen” på Vonheim i Haugsbygda laurdag. I jubileumsåret har Vyrde dressa seg opp; resultatet er at dei ser nesten like bra ut som dei høyrest ut. Foto: Gunnar Wiik

Det blei folksamt på Vonheim i Haugsbygda laurdag, då Vyrde feira sitt 20-årsjubileum med konsert og etterfølgjande fest.

Gunnar Wiik
Publisert: 25.04.2010 kl. 11:40
Endret: 25.04.2010 kl. 14:33

Det folkekjære mannskoret frå Gursken er blitt eldre. Men etter tre år med Øyvind Granden Berg som dirigent har Vyrde fornya repertoaret sitt, og framstår som meir ungdommelege enn nokon gong. Jubileumskonserten ”Frå Johan H. til Queen” viste til fulle at karane sprudlar av songglede. Og nettopp Queen-klassikaren ”Bohemian Rhapsody”, som er eit ellevilt og krevjande vokalstykke med mange ulike taktsskifte, vart framført med bravur - og hausta spontan, ståande trampeklapp frå dei frammøtte.

Blei hylla

Vyrde hadde før dette nummeret framført 15 songar henta frå deira rikhaldige karriere, der også deira tidlegare dirigentar ; Johnny Bakken, Torgeir Hauge og Ingrid Remøy, blei hylla gjennom val av repertoar og presentasjon. Det har nemleg ikkje mangla på gode opplevingar og historier, noko Sigbjørn Notøy fortalde publikum mellom framføringane av songane, der ”Oh, Freedom”, ”Høgt frå den himmelske klåra”, ”Naar fjordene blaaner”, ”Can you feel the love tonight” og den nemnde Queen-songen var mellom høgdepunkta.

Johan H. si begeistring for Vyrde var med på å gi karane sjølvtillit, og allereie som fire-åring opplevde koret å vere eitt av dei offisielle kulturinnslaga under OL på Lillehammer.

Publikumsvinnar

- Til eit såpass stort arrangement var det jo berre naturleg at dei gjekk heilt til topps når det gjaldt val av kor, poengterte konferansiér Notøy.

Med deira eigne favorittar gjennom karrieren gjennomførte gullstrupane frå Gursken ein heilstøypt konsert, som var utan dødpunkt. Med dynamikk, balanse og presisjon i vokalarbeidet og evne til å formidle tekster, framstår Vyrde mannskor som ein sikker publikumsvinnar.

Dirigent Øyvind Granden Berg sa følgjande rett etter konserten:

Tonnevis med humor

- Dette er ein fantastisk gjeng som det er utruleg kjekt å jobbe med. Dei har tonnevis av humor og sjølvironi, men likevel ambisiøse og hardtarbeidande.

- Ja, sjå berre her, seier Odd Kåre Wiik. Den muntre koristen har tatt av seg dressjakka og viser korleis skjorta hans ser ut, etter at sveitten har gjort sitt:

- Sånn ser vi ut når vi opptrer for heimepublikummet vårt. Då gir vi alt!

Odd Kåre Wiik etter endt jubileumskonsert: - Sånn ser vi ut når vi opptrer for heimepublikummet vårt. Då gir vi alt! Foto: Gunnar Wiik

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer