- Vi trappar ned ulvejakta til det eventuelt kjem nye observasjoner. Vi kan ikkje ha ti mann som skal på jobb dagen etterpå ute kvar natt når vi har så få haldepunkt, seier koordinator for ulvejakta i Stranda, Ove Nordang.

Lite informasjon

Utan nye observasjonar er det vanskeleg å halde fram ulvejakta.

- Det er umulig å vite om den er her på halvøya, seier Nordang.

Det siste sporet av ulven er fleire dagar gammalt.

- Ulven blei sist sett i området klokka ti over halv sju mandag kveld. Sidan det har ingen sett den, seier han.

Held dyra inne

Fleire bønder ventar framleis med å sleppe ut dyra sine som følgje av ulvefaren.

- Her i Stranda har ingen slept dyra sine i utmark, så dei har god kontroll. Eg har heller ikkje fått informasjon om det er tatt fleire dyr i Sykkylven, seier Nordang.