Velkomst Denne dama ønskjer velkomen til Silda (Foto: Torill Myren)

Velkomst Denne dama ønskjer velkomen til SildaFoto: Torill Myren

Maleprakt Vel i land på Silda møter du eit prakteksemplar av ein container som også er venterom (Foto: Torill Myren)

Maleprakt Vel i land på Silda møter du eit prakteksemplar av ein container som også er venteromFoto: Torill Myren

Hamn Silda har vore ei levande fiskerihamn og er forsatt god å ha når ein ligg og ventar på å passere Stadt. (Foto: Torill Myren)

Hamn Silda har vore ei levande fiskerihamn og er forsatt god å ha når ein ligg og ventar på å passere Stadt.Foto: Torill Myren

Båtliv Båten Øyglimt tek deg til Silda, eit billaust samfunn der handkjerrer og trillebagar regjerer. (Foto: Torill Myren)

Båtliv Båten Øyglimt tek deg til Silda, eit billaust samfunn der handkjerrer og trillebagar regjerer.Foto: Torill Myren

Billettprisar At øya er billaus byr også på utfordrinar, og Øyglimt må vere av dei få offentlege transportmidla der det er fast billettpris for ein sofa eller ei vaskemaskin. (Foto: Torill Myren)

Billettprisar At øya er billaus byr også på utfordrinar, og Øyglimt må vere av dei få offentlege transportmidla der det er fast billettpris for ein sofa eller ei vaskemaskin.Foto: Torill Myren

Veg Men det er kjekt både for store og små på dei billause vegane. (Foto: Torill Myren)

Veg Men det er kjekt både for store og små på dei billause vegane.Foto: Torill Myren

Nord Går du mot nord når du kjem i land, så kjem til til vidstrakt utsyn mot Stadt og Stadhavet. (Foto: Torill Myren)

Nord Går du mot nord når du kjem i land, så kjem til til vidstrakt utsyn mot Stadt og Stadhavet.Foto: Torill Myren

Sør Dersom du går den andre vegen, ser du innover mot Raudeberg. (Foto: Torill Myren)

Sør Dersom du går den andre vegen, ser du innover mot Raudeberg.Foto: Torill Myren

Sti Og dersom du vil, kan du gå heilt rundt øya på godt tilrettelagt sti. (Foto: Torill Myren)

Sti Og dersom du vil, kan du gå heilt rundt øya på godt tilrettelagt sti.Foto: Torill Myren

Blomster Nyperosene blomstrar og skaper sommarstemning. (Foto: Torill Myren)

Blomster Nyperosene blomstrar og skaper sommarstemning.Foto: Torill Myren

Sommarlukt Og ein uvant vindstille julidag luktar det av sommarblomstrar langs vegar og stiar. (Foto: Torill Myren)

Sommarlukt Og ein uvant vindstille julidag luktar det av sommarblomstrar langs vegar og stiar.Foto: Torill Myren

Bading Barn frå sommar-SFO i Vågsøy har planar om å teste ut badestranda på Silda (Foto: Torill Myren)

Bading Barn frå sommar-SFO i Vågsøy har planar om å teste ut badestranda på SildaFoto: Torill Myren

Vinterleilegheit Frank Silden heldt stand på Silda til i 2000, men då kjøpte han vinterleilegheit i Måløy (Foto: Torill Myren)

Vinterleilegheit Frank Silden heldt stand på Silda til i 2000, men då kjøpte han vinterleilegheit i MåløyFoto: Torill Myren

Klassikar I lag med sonen har Frank Silden sett i stand denne gamle Tresfjord-snekka. No glitrar ho som ein italiensk Riva. (Foto: Torill Myren)

Klassikar I lag med sonen har Frank Silden sett i stand denne gamle Tresfjord-snekka. No glitrar ho som ein italiensk Riva.Foto: Torill Myren

Maritimt Skal ein vere skipper på eiga skute, så må det gjelde på altanen også! (Foto: Torill Myren)

Maritimt Skal ein vere skipper på eiga skute, så må det gjelde på altanen også!Foto: Torill Myren

Historie Det er mykje kysthistorie i eit måltid på Skjærbuda. (Foto: Torill Myren)

Historie Det er mykje kysthistorie i eit måltid på Skjærbuda.Foto: Torill Myren

Vert Charlotte Tytingvåg tek i mot på buda. Her har ho no sin fjerde sesong. (Foto: Torill Myren)

Vert Charlotte Tytingvåg tek i mot på buda. Her har ho no sin fjerde sesong.Foto: Torill Myren

Samfunn Bedehus og skule vitnar om at det har vore eit levande lokalsamfunn på Silda (Foto: Torill Myren)

Samfunn Bedehus og skule vitnar om at det har vore eit levande lokalsamfunn på SildaFoto: Torill Myren

Rutetid Ein må nå båten og finlese på båtrutene. Det er ikkje kvar dag ein kan fare på dagstur til Silda. (Foto: Torill Myren)

Rutetid Ein må nå båten og finlese på båtrutene. Det er ikkje kvar dag ein kan fare på dagstur til Silda.Foto: Torill Myren

Navlestreng Øyglimt på veg tilbake til Måløy. (Foto: Torill Myren)

Navlestreng Øyglimt på veg tilbake til Måløy.Foto: Torill Myren

1 / 20

Silda eit billaust sommareventyr

Velkomen til handkjerrene og trillebagane sitt rike.

Men før, før var det eit levande lokalsamfunn. Rundt 200 menneske. Bedehus og skule og ei god handfull linebåtar. Så kom 70-talet og sentraliseringa skaut fart. Mange tok båten derifrå. For godt.

I dag er det ei ti-tolv menneske som klorar seg fast på Silda gjennom heile året. Men dei som overvintrar får rikeleg med selskap i sommarhalvåret. Då kjem dei tilbake dei som flytta. Barna deira. Barnebarn. Slekt og vener. Og nokre som utan blodsband og tradisjonar har oppdaga sommareventyret på Silda. Då fyllest det opp i hytter og hus, naust og sjøbuder.

Sjøbudkafe

Og den største buda av alle, Skjærbuda, er opa som kafe. Her styrer Charlotte Tytingvåg på. I år er det hennar fjerde sesong på buda.

– Det er akkurat som å vere på ferie sjølv om eg er på jobb. Her er så mykje trivelege folk, strålar ho.

Buda er frå 1856 og har vore kafe sidan 1987. Hit kjem dei fastbuande, hyttefolk og båtfolk. Enkelte helgar er det spesielle arrangement og levande musikk. 15. juli ventar Eliasbåten på dei besøkande på Silda.

– Eg synest at dette med sjøvit var noko som passa her på Silda, seier ho før ho går og lagar til mat til gjestene. Reketallerken, fiskesuppe og heimelaga fiskeburger er noko av det som står på menyen.

Båt

For å kome seg til Silda utan eigen båt er det «Øyglimt» som gjeld. Den går frå hurtigbåtkaia i Måløy og må vere ein av dei få offentlege transportmidla i Norge som har fast billettpris på ein stykk sofa, ei vaskemaskin og så vidare.

Silda er billaust. På kaia står handkjerrene på rad. Om bord i Øyglimt er det trillebag på trillebag med mat og anna ein treng i sommarparadiset.

Vegval

Når ein vel har kome seg i land, har ein to val; gå til høgre eller til venstre. Til venstre kan ein rusle ein liten tur langs hamna eller ta vegen opp bakken og gjennom skaret. Der opnar utsynet seg mot Stad og Stadhavet. Etter ein liten kilometer med smal og asfaltert veg kjem ein til Sildakruna, naturreservat med rikt fugleliv.

Tek du til høgre, er det om lag like langt den vegen, ein liten kilometer. Forbi bedehuset og skulen og til slutt rundt ein val der du går på flytebrygger, skogssti og kai og endar på Skjærbuda.

Dersom du vil, er det også råd å gå rundt heile øya. Er du kjapp på foten, tek det ein liten time. Stien er lett å finne, men har det regna, kan det vere våtsamt, så husk gode sko.

Ved skulen er det vaskemaskin og dusjar for båtfolket og leikeplass for den som vil. Velforeninga er i stadig arbeid og inviterer til dugnad og basar, grillfest og familieaktivitetar.

Elles er dette ein stad der mykje tid blir brukt ved, på og i sjøen. Sjølv ein ikkje overvettes varm julidag, spring det barn med vått hår og i badekle langs vegen. Andre ror i den klassiske knallraude pionerjolla.

Vintersleilegheit

Men den som er om bord i ein verkeleg klassikar er Frank. Frank Silden. Sjølvsagt heiter han Silden. Åtte av elleve postkasser i venteromet på kaia har namnet Silden.

Men Frank har ikkje postkasse der lenger. Han heldt stand på øya til i 2000. Då fekk han seg vintersleilegheit i Måløy.

–Men eg er her nesten kvar helg heile året. Og heile sommaren, fortel han.

Det siste året har han og sonen brukt på å pusse opp ei gamal Tresfjord-snekke. 27 fot, djup og god og no i glitrande, fin stand. Overbygget var ikkje bergandes, men skroget er no blankt som på ein italiensk Riva.

Ikkje rart at det er om å gjere å gjere vinteren i Måløy kortast muleg.


Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Eg er her nesten kvar helg heile året. Og heile sommaren.

Frank Silden
Silda

Billaus øy nord for Måløy

  • Reisemåte: Med eigen båt heilt fram. Eller med bil/buss til Måløy sentrum. Derifrå med skyssbåten Øyglimt frå Måløy til Silda. Her må ein lese ruteheftet nøye. Båten går på signal i gryotta frå Måløy, men dersom du vil ut i lunsj-tida for nokre timar på Silda, kan du reise berre onsdag og fredag. Båten går også utover på ettermiddag og i helgane, men då er det retur med det same, altså må ein legge opp til å leige seg ei seng.
  • Passar for: Den som vil oppleve eit billaust samfunn og samle seg eit godt sommarminne.
Klassikar Frank Silden og sonen har sett i stand den gamle Tresfjordsnekka så ho glitrar som ein italiensk Riva.
            (Foto: Torill Myren)

Klassikar Frank Silden og sonen har sett i stand den gamle Tresfjordsnekka så ho glitrar som ein italiensk Riva.Foto: Torill Myren

Båtliv Silda er billaus og Øyglimt er navlestrengen til omverda.
            (Foto: Torill Myren)

Båtliv Silda er billaus og Øyglimt er navlestrengen til omverda.Foto: Torill Myren

Leses nå
 

Forsiden nå:

Tunnelene åpnes i romjula

Tunnelarbeidene stanses i jula. Her er detaljert informasjon:

Sendt heim etter knivtrugslar

Ein mann i 40-åra vart i helga sendt heim til Polen, etter å ha truga med kniv på ein av brakkeriggane ved Kleven Verft.

MAROFF fordeler 152,8 millioner til bedrifter:

Millioner til maritime bedrifter

Forskningsrådet har fordelt 152,8 millioner kroner til 19 innovasjonsprosjekter i næringslivet for maritimt sektor (MAROFF). Sju av dem i Møre og Romsdal.

Byggjer ny ferjekai i Volda:

Sikrar ferjedrift og nattesøvn i byggeperiode

Til våren startar arbeidet med ny ferjekai i Volda. Ferja skal gå som normalt i byggeperioden, og arbeidet med påling vil berre skje på dagtid.