Sykkylving til Ålborg med fotokunst frå Praha

Fotokunstnar frå Sunnmøre stiller ut i Danmark.

Foto: Motivet av denne grøne bygninga i Praha er eit av fotografia Geir M. Brungot viser på utstillinga «Sett frå oven» som opnar i Ålborg søndag 15. november. 

Kultur

Ni store fotografi tatt i Praha. Det er fotokunstnar Geir M. Brungot representert med på ei nordisk utstilling ved Dronninglund Kunstcenter i Ålborg.

«Look Down» er tittelen sykkylvingen har sett på fotografia han tatt av bygningar og gatemiljø frå bil- og trikkebruer i Praha.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Dette er første gong Geir M. Brungot stiller ut ved Dronninglund Kunstcenter, men han to gongar tidlegare stilt ut ved Vest-Jysk Kunstmuseum. Fleire fotografi av han er innkjøpt både der og ved Museet for Fotokunst i Odense.

(meir å lese under bilde)

Kunstnaren Arkivbilde av Geir M. Brungot med eit tidlegare fotografi frå Paris.  Foto: Roger Engvik

Følg smp-kultur på Facebook!

Norges ambassade i København har gitt pengestøtte til Brungot i samband med den kommande utstillinga, fordi fotokunsten hans blir rekna som ein viktig del av utstillinga i Dronninglund Kunstcenter.

– Pengane skal brukast til å reise rundt for å møte representere for sentrale museum og galleri, fortel Brungot.som mellom andre skal innom Galleri Image i Århus.