Hittil i år har cd-salet auka med 7,5 prosent. Ikkje minst takka vere Vassendgutane.

– Vi er sjølvsagd kjempefornøgde, men også overraska, seier Sindre Aam, vokalist og bassist i bandet frå Ørsta.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Den siste plata deira, «Skru opp», har eit sal på 17.500 eksemplar, fortel Tom Hovde i plateselskapet Tylden til avisa Dagens Næringsliv.

Hovde seier at plata til Vassendgutane slår alle andre sønder og saman, og salet er meir enn dobbelt så stort som plate nummer to på lista.

– Eg veit ikkje kvifor så mange framleis vil ha musikken vår på cd. Kanskje fordi dei vil spele han i bilen. Dessutan legg vi mykje arbeid i coveret, som er på åtte-ti sider. Her har vi også songtekstane, seier Sindre Aam.

Følg smp-kultur på Facebook

Handlar du cd-platar? Bruk kommentarfeltet!