Det er første gong eg er med i denne konkurransen, og det var svært kjekt å vinne heile greia, seier ålesundaren til smp.no.

Konkurransen går gjennom fire rundar på eitt år og med ulike tema - i fototidsskriftet Fotografi. Enstad gjorde nesten reint bord i siste runde, og tok både første- og andreplassen.

Følg smp-kultur på Facebook

Suveren siger

Enstad vann konkurransen med svært god margin, han oppnådde 35 poeng, mot toaren som fekk nitten poeng.

– Heilt klart inspirerande å få eit slikt resultat, stadfestar Enstad.

Han har visst om fotosigeren eit par vekers tid, medan Fotografi kom ut med sitt nyaste nummer og presentasjon av Årets fotograf i dag, onsdag  25. november.

Vann Kenneth Enstad har sanka seg nok ein gjev fototittel. Foto: Privat

Lærte av faren

Kenneth Enstad er busett i Ålesund sentrum. Han er son til tidlegare fotograf Knut Enstad i Sunnmørsposten, og fortel at fotointeressa vart vekt då han fekk vere med faren på jobb som smågut.

– No har alt vorte så mykje enklare. I år er det første gongen Fotografi tok imot digitale bildefilar til konkurransen sin. Då bestemte eg meg for å delta, seier Enstad.

Hobyfotografen hadde titals av kjende norske  fotonamn under seg på resultatlista.

Natur er favoritten

Enstad jobbar til dagleg som prosessopertatør hos Brødrene Sunde. Dette er turnusarbeid - som gjev friperiodar med gode mulegheiter til å dyrke fotohobbyen.

– Eg må nok seie at naturfotografering er favoritten min. Og favorittstaden for å utøve dette har vorte Hjørundfjorden, fortel han.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Der er også vinnarmotivet frå siste runde henta, fjellet Slogen (1.564 m) som speglar seg mellom små isbitar i Norangsfjorden.

Vann kamera

Førstepremien er eit kamerahus til 25.000 kroner.

– Mine to andre kamerahus er snart heilt utslitne, så premien kjem ekstra godt til nytte, smiler Enstad.

Torsdag  26. november skal han til Oslo for å ta i mot premien. Bladet fotografi opnar då ei stor utstilling  av fotografi, basert på årets konkurranse.

Enkelt uttrykk

Kenneth Enstad fortel elles at han reindyrkar det enkle i motiva sine.

– Eg  brukar maks eit par minuttar på teknisk redigering av kvart bilde. Her er utsnitt og beskjering for meg det aller viktigaste for å få det stramme uttrykket eg ønskjer, fortel Enstad.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Og som tydelegvis også ei rekkje jurymedlemmer likar. I fjor vann elles den same Enstad det norske fotoforbundet sin årlege konkurranse.