– Når Ragnhild Fauske no er tildelt Stordal kommune sin kulturpris for 2015, er dette først og fremst med bakgrunn i den store innsatsen ho har lagt ned som leiar for Stordal Barnekor i ei årrekkje, skriv Stordal kommune.

Sidan koret starta i 1999 har Fauske vore primus motor for barnekoret, sjølv om ho har hatt fleire gode medhjelparar.

– Det er liten tvil i at vi har mykje å takke Ragnhild for, skriv kommunen på si nettside. Ho har også engasjert seg i kora Charis og Aletheia, som har sitt utspring i Stordal barnekor.

– Ragnhild har også teke med seg desse kora utanfor kommunegrensene anten det er i form av korhelgar på Lepsøy, Brusdalsheimen, Orreneset, eller andre stadar. Kora haustar lovord alle stadar dei ferdast og dei er verkeleg gode ambassadørar for Stordal, Barnas kommune, heiter det på Stordal kommune si nettside.

Følg smp-kultur på Facebook!