- Det er ikkje krise, men eit veldig rop om hjelp, seier Jo Even Tomren, leiar for Ørskog Bluesfest.

Festivalen, som hadde sitt femårsjubileum i mai, kallar måndag inn til folkemøte for å diskutere festivalen si framtid.

Det var Bygdebladet som først skreiv om saka. Per i dag er det ikkje skissert nokon festival i 2016, noko leiinga i Ørskog Blues Club fortalde dei frammøtte på sponsor- og frivillegfesten i starten av november.

- Det var ikkje teke godt imot. Dei vil at vi skal drive festivalen vidare slik det har vore, men då treng vi nokon som kan gjere det, seier Tomren.

Millionfestival

På fem år har dei regissert over 70 arrangement, hatt inn massar av band, statsrådar og store eventar. Alt er avvikla på frivilleg basis, noko som vanskeleg let seg gjere i lengda.

- Vi driv ein festival med budsjett på millionen, som vert lagd merke til i regionen. Vi merkar konkurransen, som er bra - for konkurranse verkar skjerpande. Vi må bli betre for å hevde oss og møte utfordringane, men nokon må gjere det, seier Tomren.

Han synest tida er komen for å profesjonalisere festivalen som såg dagens lys i 2011. Han ønskjer òg at fleire skal bruke arenaen Ørskog Bluesfest er blitt til å gjere noko eige.

-  Vi speler ut ein ball og ber folk om å ta den og bruke festivalen for det han er verdt til å ta ein sjanse og skape engasjement.

Mot framtida

Møtet måndag vert ei fortsetjing på tankesmia dei starta på sponsor- og frivillegfesten. Dei gode ideane og innspela må omsetjast i eit meir framtidsretta festivalkonsept.

- Hovudsponsorpakkane våre, som vi bruker mykje tid på å få på plass, er på 50.000 kroner. Vi må utvide, profesjonalisere og effektivisere arbeidet, seier Tomren, som sjølv har brukt så mykje tid, energi og ressursar på festivalen at han merkar at motivasjonen ikkje er heilt der han var.

- Kva vil vere ei optimal løysing for at Ørskog Bluesfest skal leve vidare?

- At vi får ein dagleg leiar som kan jobbe med festivalen, og at det kjem inn folk som viser initiativ utover det som er i regi av oss.

- Ikkje krise

Tomren presiserer at han er stolt og glad for dei dei har fått til, og at dette absolutt ikkje er noko krise for bluessamfunnet i Ørskog.

- Ideane finst, men mulegheita for å gjennomføre manglar. Dersom kommunen og regionen vil ha ein slik festival, så må dei hjelpe til slik at vi får den naudsynte omorganiseringa og litt meir hjelp, seier han.

Han utelukkar ikkje at han sjølv kjem til å bli med vidare - då festivalen trass alt er blitt "babyen" hans.

- Men då er det mykje som må på plass, og eg har lyst å fokusere litt meir på klubben. Kanskje vi kan få til ein eindagsfestival i 2016.

Festivalen gjekk i underskot i 2015 - ein risiko dei førespegla seg i samband med jubileet.

Gjer som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook.