Denne veka vart det klart at Highasakite blir den norske headlineren når Øyafestivalen arrangerast i august.

- Vi prøver kvart år å finne den norske artisten som det er riktig å flytte opp eit hakk til den prestisjefylte plassen på toppen av Øya-plakaten, står det på festivalen sine sider.

Highasakite får i sommar heidersplassen på Amfi-scena under årets Øyafestival. At Highasakite vil prege musikkåret 2016, er det ingen tvil om.

Sjølv om dei har få konsertar i Norge, har dei ein eksklusiv festivalsommar i vente. Den startar dei på Bergensfest 18.juni.

I mai kjem dei med sitt tredje album, to år etter gjennombrotet med albumet «Silent Treatment», som låg på VG-lista i heile 94 veker i strekk.

For kort tid sidan slapp dei den første singelen frå det nye albumet, «Someone Who’ll Get It», som allereie har greidd å hausta inn gode meldingar.

Der det heile starta

- Vi gler oss enormt til Øyafestivalen! Det er på mange måtar festivalen over alle festivalar på austlandet, kanskje også i heile Norge. Øyafestivalen var dessutan den første verkeleg store festivalen som tok oss inn i varmen og gav oss ein solid sjanse. Å kome tilbake som headliner nokre år seinare kjennast veldig godt, og vi lovar å gi publikum ei fantastisk konsertoppleving, seier bandet i ei pressemelding.

Bandet har utvikla seg stort sidan sist dei besøkte Øyafestivalen. Konserten i 2012 gjorde at fleire fekk augene opp for det litt mystiske bandet. Justin Vernon, frontmann i Bon Iver, var ein av dei.

Han vart fan på staden, og tvitra at Highasakite var hans nye favorittband. Dette gav dei mykje god presse verda over. Seinare fekk dei også same bookingagent som Bon Iver sjølv.